Statens Kunstnerstipend

Diversestipend

Frå og med tildelingsåret 2008 blir de tidligere småstipenda - reise- eller studiestipend, etableringsstipend, vikarstipend og materialstipend - erstatta av eit diversestipend. Søkjaren kan sjølv definere formålet for stipendet innanfor visse rammer.

Diversestipend skal vere eit bidrag til den kunstnarlege verksemda til den einskilde søkjaren. Det kan bl.a. gjevast støtte til etablering, kurs, reiser, studium, fordjuping, material, utstyr, marknadsføring, konsulentbistand osv. Det kan søkjast om støtte til fleire formål på same søknadsskjema.

Det blir ikkje gjeve støtte til ordinær utdanning, prosjekt eller utgifter ein har hatt før tildelingsåret. For andre tildelingskriterium, sjå utlysinga og Forskrift om statens stipend og garantiinntekter for kunstnarar.

Kvotefordeling og beløp
Fordeling av stipendmidla mellom kunstnargruppene - kvotefordelinga - blir avgjort av Kulturdepartementet.
Klikk her for kvotefordelinga 2011. Maksimalt beløp som kan tildelast ein kunstnar i 2011 er 60 000 kroner.

Utbetaling og rapportering
Stipendet blir utbetalt som eit eingongsbeløp. Det blir ikkje trekt skatt av stipendet, men det er oppgåvepliktig.
Etter avslutta stipendperiode skal det sendast rapport om bruken av stipendet til Statens kunstnarstipend.

Rapportskjema finner du her.

NB! Same skjema skal nyttast av kunstnarar som skal rapportere for reise- eller studiestipend, etableringsstipend, vikarstipend og materialstipend tildelte i 2007 eller tidlegare.

Utsetjing eller endra bruk av stipendet: I særskilte tilfelle kan stipendmottakaren søkje om utsetjing eller omdisponering av stipendet. Søknaden skal sendast til Statens kunstnarstipend.



Sist oppdatert 22.06.11